Ungdomsbok på nynorsk

01/10/2009 at 09:11 | In Nynorsk, Ungdomsbøker | Leave a Comment

Veslebror ser deg er ei ny, aktuell bok for ungdom (i alle aldrar) på nynorsk som bør vere i samlinga. Forfattar er Cory Doctorow, den er omsett av Øystein Vidnes og utgjeven på Samlaget. Les meir

Spanande nettutstilling for ungdom og vgs

10/09/2009 at 12:56 | In Forfattarar, Lesing, Nettressurs, Ungdomsbøker | Leave a Comment

Fortellinger om henne er tittelen på ei nettutstilling om litteratur laga av KILDEN Informasjonssenter for kjønnsforskning og Foreningen !les: http://bit.ly/Ldypd  Les meir

Spenningsbøker for barn og unge

07/08/2009 at 12:35 | In Barnebøker, Ungdomsbøker | Leave a Comment

Det er nok enda ei stund til hausten er her, men når sola glimrar med sitt fråver, begynner eg å tenke på hausten og mørke kveldar som kan fyljast med spennande bøker. Her er ei liste over nokre av dei mest etterspurde spenningsseriane for barn og unge.
Les meir

Om å stå i kvikksand..

29/07/2009 at 14:32 | In Litteraturprisar, Ungdomsbøker | Leave a Comment

I sommar har eg lest boka Sommerfugl av den australske ungdomsforfattaren Sonya Hartnett. Hartnett er ein spanande forfattar som også er ein fornyar innan sin sjangar.
Les meir

Littkrit i Aurland

08/07/2009 at 10:02 | In Litteraturformidling, Ungdomsbøker | Leave a Comment

For tredje gong kan heldige ungdomar i sommar få jobbe med litteratur om dei har fått plass på Littkrit Totusen&9; http://littkrit.wordpress.com/about/

I år er det produksjon av skjønnlitterære tekstar som er i fokus. Følg aktiviteten på http://twitter.com/ der søkjeordet er “nynorske”.

Robert Haugen

Anbefaling av bøker

24/09/2008 at 17:06 | In Litteraturformidling, Romanar, Ungdomsbøker | Leave a Comment

Stavanger bibliotek har ein blogg der bibliotekarar omtalar og anbefalar bøker. Aktiviteten er ikkje så stor, men det kan kanskje vere noko å hente ved å ta eit klikk her: http://bibliotekareneanbefaler.blogspot.com/

Litt om nye bøker for barn og ungdom

24/09/2008 at 14:58 | In Barnebøker, Ungdomsbøker | Leave a Comment

Informasjon om utgjevingar av Ødven Snildal, Nye Hardy-gutane, Ottesen og Unenge.
Les meir

Røssland med triologi

03/06/2008 at 12:04 | In Ungdomsbøker | Leave a Comment

Forfattarinne Ingelin Røssland er ute med første bok i ein triologi. Den heiter Englefjes og er meldt i Dagbladet; http://www.dagbladet.no/kultur/2008/06/02/536921.html

Continue reading Røssland med triologi…

Nynorskbok dott no

21/05/2008 at 11:56 | In Barnebøker, Nynorsk, Ungdomsbøker | Leave a Comment

Minner om den gode nettenesta http://www.nynorskbok.no/ frå Nynorsksenteret i Volda – lenkje på menyen til høgre.

Der er tips om gode bøker for barn og ungdom.

Bøker til ungdomen

14/03/2008 at 11:32 | In Litteraturformidling, Romanar, Ungdomsbøker | Leave a Comment

Ute etter tips om bøker å anbefale ungdom på veg ut i livet? Litteraturarbeidarane Helene Uri, Aslak Sira Myhre og Marta Norheim gir sine råd i siste nummer av tidsskriftet til Den Norske Bokhandlerforening. Robert Haugen hengjer seg på.

Les meir

Tips om barne-og ungdomsbøker på nynorsk

11/03/2008 at 16:01 | In Barnebøker, Romanar, Ungdomsbøker | Leave a Comment

Janne Karin Støylen er litteraturformidar og tilsett ved Nynorsksenteret i Volda. Ho skriv om nynorske bøker for barn-og ungdom og legg dei ut på Internettet her; http://www.nynorskbok.no/ Dei fleste av oss kjenner Støylen sine gode evner som formidlar, og det kan vere tips om gode bøker å hente her.

I menyen over lenker til høgre vil de finne Nynorsksenteret med nettsida nynorskbok.no.

Konferansar gir inspirasjon

14/02/2008 at 21:39 | In Barnebøker, Ungdomsbøker | Leave a Comment

Ingunn Stokstad ved Aurland folkebibliotek deler erfaringane sine frå barne- og ungdomslitteraturkonferansen som nyleg samla folk frå heile Norden i Stavanger.

Frå litterær kanon til mummitroll 

“Den Nordisk barne- og ungdomslitteraturkonferansen i Stavanger har vore arrangert anna kvart år sidan 1993. I år var ”Mangfold 2008” eit overordna tema for konferansen den 3.-5. februar.

Der fekk vi møta forfattarar, illustratørar, litteraturvitarar, litteraturformidlarar og ungdomlege ”superlesarar”. Føredrag av Torben Weinreich om ”Den litterære kanon i Danmark” og av Agneta Rehal-Johansson om “Nya dubbelheter i Tove Janssons slutliga muminsvit” var to av fleire høgdepunkt.

Kor mange veit at Tove Jansson omarbeidde bøkene sine om mummitrolla som kom på 40-50-talet til nye utgåver på 60-70-talet? Rehal-Johansson synte mellom anna at forteljingane i dei omarbeidde utgåvene er meir psykologiske enn i dei tidlegare utgåvene.

Ny kunnskap og kontakt med kollegaer inspirerer, og inspirasjonen som drivkraft i det daglege arbeidet bør ein ikkje underkjenna. Oppmodinga går difor denne gongen spesielt til bibliotektilsette i mindre bibliotek: Reis på kurs, lær noko nytt, få nye idear og prøv dei ut når du kjem heim.”

Ingunn Stokstad

Aurland folkebibliotek

Hefte om nye ungdomsbøker

12/02/2008 at 09:03 | In Ungdomsbøker | Leave a Comment

Buskerud fylkesbibliotek har gitt ut eit hefte med meldingar og omtale av knappe 30 bøker frå 2007 og to bøker frå 2006 for ungdom og for unge vaksne. Heftet kan tingast hos Buskerud fylkesbibliotek. Det kostar 50 kroner.

Heftet har tittelen Nye ungdomsbøker og er etter mi vurdering eit godt hjelpemiddel i formidlingsarbeidet. Bøkene er lesne av tre bibliotekarar ved Buskerud fylkesbibliotek og tre skulebibliotekarar. Fem av dei meldte bøkene er på nynorsk.

Favorittbøkene til bokmeldarane

07/02/2008 at 17:09 | In Barnebøker, Litteraturprisar, Ungdomsbøker | Leave a Comment

Titlar Norsk kritikerlag meiner er dei beste frå året 2007:

Barn og ungdom:

  • Kall meg Onkel Alf - Fam Ekman
  • Hallo Jorda! - Anna Fiske
  • Slangen i graset - Hans Sande og Gry Morsund
  • Avstikkere - Øyvind Torseter

Kjekt at Det Norske Samlaget og nynorsken er representert ved Morsund og Sande. Fiske kjenner vi att som ansvarleg for teikneserien Rabbel. Tre av titlane er gjeven ut av Cappelen forlag. Dei fire bøkene er kjøpt til folkebiblioteka gjennom innkjøpsordninga til Norsk Kulturråd.

Vaksne:

  • Andvake - Jon Fosse
  • Gjestene - Merethe Lindstrøm
  • Ingen vitner for vitnet - Christian Refsum
  • Innsirkling - Carl Frode Tiller

Nominasjonsgjengangarane Fosse og Tiller viser seg att med nynorsk språk, novellesamlinga til Lindstrøm er avhalden av bokmeldarane og Refsum - som eg har lese i tillegg til utgjevinga av Fosse (boka til Tiller opnar eg i kveld) – kan anbefalast til lånarar med sans for Ingvar Ambjørnsen, Dag Solstad og Ola Bauer.  

Beste omsetjingar:

  • Merete Alfsen for Like av Ali Smith 
  • Tormod Eide for Politikk – Aristoteles
  • Lars Moa for Frå alle kantar ber vinden med seg ord og plantar og teikn av Jóanes Nielsen
  • Stig Sæterbakken for Eldreomsorgen i Øvre Kåkedalen av Nikanor Teratologen

Teksten Politikk av ein av meistrane frå antikken bør “hamne på nattbordet til folk” og er like lett å lese som dei bøkene “som ligg der frå før.” Det skriv meldar Jon Langdal i Klassekampen 26. januar i år.

Moa har omsett diktsamlinga av Nielsen frå det vesle språket færøysk – sjå meldingar i Dag og Tid http://www.dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=1149 og jamvel i Aftenposten ved poet, formidlar og meldar Knut Ødegård, http://www.aftenposten.no/kul_und/litteratur/article2118949.ece 

Omsetjinga av den svenske kultroman til målføre frå Lillehammerdistriktet er gjort av Sæterbakken. Han er kjent for eigne romanar og omsetjingar av Edgar Allan Poe.

Eg har brukt http://www.dagbladet.no/kultur/2008/02/07/526221.html som kjelde for denne framstillinga. På nettsida til Norsk kritikerlag finn de opplysingar om nomineringane, sjå http://www.kritikerlaget.no/index.php?id=5 

Merksemd til debutantar

23/01/2008 at 11:49 | In Debutantar, Romanar, Ungdomsbøker | Leave a Comment

Iselin B. Alvestad og Kari Frædrikke Brænne har fått debutantstipend 2007 frå Aschehoug forlag. Førstnemnte vart nominert til Arks barnebokpris for første bok i serien om Alanya, Dragene våkner. Bok nummer to kjem i april. Brænne har fått stipend for ein roman for vaksne, Av en annen verden.

Meldingar av bøkene:

Neste side »

Blogg på WordPress.com. | Theme: Pool by Borja Fernandez.
Entries and comments feeds.