Gratis lesing
04/09/2009 at 14:12 | In Forfattarar, Noveller, Vaksenbøker | Leave a CommentRune Hjemås har lagt ut to noveller frå den siste boka si Indianarar for gratis lesing og nedlasting til den som vil: http://www.runefhjemas.com/1977/
Dette er kanskje ein måte å promotere og gjere seg kjent på som vil auke i tida framover, og som vi bibliotekarar kanskje bør kjenne til.
Robert Haugen
Snakkis
21/02/2008 at 15:56 | In Forfattarar, Lesing, Noveller, Romanar | Leave a CommentTidsskriftet og nettstaden Bok og Samfunn har ei fast spalte dei kallar “Snakkis”. Kvar veke blir ei ny, aktuell bok presentert – denne veka Oppmålingen av verden av tyskaren Daniel Kehlmann; http://www.bokogsamfunn.no/Test/163041
Andre “Snakkisbøker” her: http://www.bokogsamfunn.no/Test
La stå
21/01/2008 at 14:51 | In Noveller, Ungdomsbøker | Leave a CommentIngvild H. Rishøi debuterte i fjor med novellesamlinga La stå. Den er klassifisert som ei bok for vaksne, men eg kan ikkje sjå at ungdom 16-19 år vil ta skade av den. Rishøi presenterer oss sju noveller, og det er akkurat ungdom og unge vaksne det handlar om:dei er på flukt innvendig og utvendig, leitar etter seg sjølve; kavar med identitet og tilpassing. I det heile trur eg menneske som er i ein overgangstilstand mellom ungdom-vaksen kan finne attklang i denne boka.
Rishøi tar i bruk originale forteljargrep, som i novella Hilsen Julie der teksten blir driven fram av hovudpersonen sine skrivingar som lita jente i ei hyttebok og brev ho strevar med å formulere i no-tida då alderen hennar har krope over 20 år.
Språket til Ingvild Rishøi er friskt, sprudlande, engasjerande, og teksten etterlet seg rom der lesaren kan undre seg og spegle seg i meininga som bokstavane skapar.
Noveller er som de veit eit godt alternativ for brukarar, unge og eldre, som ikkje likar å lese (lange tekstar) og som kanskje strevar med å finne litteratur å setje pris på.
Blogg på WordPress.com. | Theme: Pool by Borja Fernandez.
Entries and comments feeds.