Bøker med mangfald

30/01/2008 at 15:49 | In Forfattarar, Mangfaldsåret | Leave a Comment

Eg har laga ei enkel nettutstilling med bøker der det fleirkulturelle er sett søkjelys på. Då tenkjer eg på bakgrunnen til forfattaren og innhaldet i utgjevingane. Sjå nettutstillinga her: http://tjenester.kulturnett.no/quiz/playgallery.php?quizID=655

Den viktigaste kjelda for utvalet i utstillinga er ein artikkel der Noman Mubashir, kjent frå NRK TV, er intervjua og der kjem han fram med tips om bøker med eit fleirkulturelt perspektiv; Dagbladet: http://www.dagbladet.no/kultur/2007/07/25/507078.html

Norske folkeeventyr på språkreise

28/01/2008 at 15:18 | In Eventyr, Lydbøker, Mangfaldsåret | Leave a Comment

I samband med at 2008 er året for kulturelt mangfald kan det vere på sin plass å informere om ein lydbokserie fylkesbiblioteket har gått til innkjøp av.

Serien “To språk – to kulturer” består av norske folkeeventyr innsamla og utgitt av Asbjørnsen og Moe. Desse er omsett og innlest på 10 ulike språk: samisk, somalisk, urdu, arabisk, albansk, vietnamesisk, tyrkisk, tamilsk, russisk og polsk. Fylkesbiblioteket har kjøpt inn eit eksemplar av alle med unntak av lydbøkene med samisk, russisk og polsk tale.

Lydbøkene inneheld to cd-ar: ein med dei velkjente norske folkeeventyra fortalt i uvant språk og ein med dei same eventyra på norsk. I tillegg er lydbøkene utstyrt med eit hefte der eventyra er prenta i det aktuelle språket og på norsk.

Lydbøkene kan fungere som språktrening og som ein inngang til eventyra si vidunderlege verd.

Les om lydbokserien på Skolenettet.no: http://skolenettet.no/moduler/templates/Module_Article.aspx?id=44276&epslanguage=NO

Blogg på WordPress.com. | Theme: Pool by Borja Fernandez.
Entries and comments feeds.