Lydbøker i mp3-format

03/03/2008 at 13:51 | In Lydbøker | Leave a Comment

Gloppen folkebibliotek tilbyr fleire titlar for vaksne og ein tittel for ungdom i mp3-formatet. Bøkene er kalla lommelydbøker og inneheld ein CD som kan kopierast til ein mp3-spelar eller spelast av i “moderne” cd-spelarar.

Sjå informasjon og utvalet av lydbøker til folkebiblioteket i Gloppen her; http://asp.bibits.no/gloppen-fb/wsHitList.Asp?sString=FT=lommelydbokAND

Lommelydboka er eit alternativ til digiboka (sjå tidlegare innlegg under emnet “Lydbøker” i Fybbloggen).

Er det andre som har kjøpt inn lommelydbøker og digibøker? Korleis går det med utlånet av desse? Del det gjerne her på bloggen.

Norske folkeeventyr på språkreise

28/01/2008 at 15:18 | In Eventyr, Lydbøker, Mangfaldsåret | Leave a Comment

I samband med at 2008 er året for kulturelt mangfald kan det vere på sin plass å informere om ein lydbokserie fylkesbiblioteket har gått til innkjøp av.

Serien “To språk – to kulturer” består av norske folkeeventyr innsamla og utgitt av Asbjørnsen og Moe. Desse er omsett og innlest på 10 ulike språk: samisk, somalisk, urdu, arabisk, albansk, vietnamesisk, tyrkisk, tamilsk, russisk og polsk. Fylkesbiblioteket har kjøpt inn eit eksemplar av alle med unntak av lydbøkene med samisk, russisk og polsk tale.

Lydbøkene inneheld to cd-ar: ein med dei velkjente norske folkeeventyra fortalt i uvant språk og ein med dei same eventyra på norsk. I tillegg er lydbøkene utstyrt med eit hefte der eventyra er prenta i det aktuelle språket og på norsk.

Lydbøkene kan fungere som språktrening og som ein inngang til eventyra si vidunderlege verd.

Les om lydbokserien på Skolenettet.no: http://skolenettet.no/moduler/templates/Module_Article.aspx?id=44276&epslanguage=NO

Utlån av Digibok

18/01/2008 at 14:42 | In Lydbøker | 2 Comments

I fjor haust blei lydboka Digiboka (digital boka) lansert. Den er kort fortalt det, skal vi seie, kunstnarlege produkt og avspelar i eitt medium, sjå omtale i Dagbladet, http://www.dagbladet.no/kultur/2007/11/14/518198.html

Biblioteksjef Torill Berge ved Gloppen folkebibliotek på Sandane fortel til Fybbloggen at biblioteket før jul kjøpte inn fem-seks digiboktitlar for born, ungdom og vaksne lånarar, og desse er populære hos brukarane.

- Digibøkene gjekk ut ganske kjapt, og eg reknar med at vi kjøper fleire titlar. Noko av det vesentlege med dette, meiner eg, er at biblioteka tilbyr medium når dei er nye og aktuelle. Vi bør ha tilbod av både eldre og nyare media, seier biblioteksjef Berge.

Digibøkene er levert med batteri og høyretelefonar. Gloppen folkebibliotek har valgt å låne ut digibøkene utan desse hjelpemidla. Kvar enkelt lånar må ordne med batteri og lytteutstyr sjølv.

- Vi har laga til ein liten lapp med informasjon på kvart digibok-eksemplar der brukaren i tillegg til opplysingane om batteriet og høyretelefonar får beskjed om å slette bokmerka han har laga i digiboka, fortel Torill Berge.

Brukarane av denne nye typen av lydbøker ved Gloppen folkebibliotek har gjeve inntrykk av at dei er greie å bruke, legg biblioteksjefen til. Då er eventuelt litt ekstra tid med registering og ordning av digiboka vel verdt tid.

Er det andre bibliotek med erfaringar om utlån av digibok? Del desse på bloggen! 

Kampen på lydbokmarknaden i Noreg hardnar til. No er Lommelydboka lansert, og det er vel kanskje berre snakk om tid før endå eit format kjem, sjå oppslag i Dagbladet frå tidlegare i januar, http://www.dagbladet.no/kultur/2008/01/11/523599.html.

Spørsmålet er vel korleis biblioteka skal forhalde seg til denne utviklinga? Eg har tru på å stille seg i ein mellomposisjon: følg med og prøv gjerne ut nye media, men ver kritisk, vurder nøye kva som er døgnfluger, og kva som vil vare og halde seg over tid.

Blogg på WordPress.com. | Theme: Pool by Borja Fernandez.
Entries and comments feeds.