Fylkesbiblioteket med forteljing på Digitalt Fortalt
24/08/2009 at 13:46 | In Fylkesbiblioteket, Lokalhistorie | Leave a CommentDen 18.august vart det arrangert Workshop i Digitalt Fortalt på Leikanger. Til stades var representantar frå ABM-sektoren i fylket og Den kulturelle skulesekken. Det vart laga digitale forteljingar basert på materiale frå dei respektive institusjonane og resultata vart publisert på nettsida Digitalt Fortalt.
I ABM-samsøk fant vi relevant stoff frå Fylkesarkivet (Kulturhistorisk leksikon) og Fylkesbiblioteket (Fjognedok). Resultatet, forteljinga ”Krigsdrama på Staveneset”, kan du lese her: http://www.digitaltfortalt.no/show_single.aspx?art_id=113130&fylke_nr=1400
Bente Lund
Nettside med lokalhistorie
06/06/2008 at 09:54 | In Lokalhistorie | Leave a CommentI lenkesamlinga her på Fybbloggen har eg lagt til ein wiki om lokalhistorie der mellom andre Norsk Lokalhistorisk Institutt er med. I ein wiki er det brukarane som bidreg med innhaldet i nettsida. Denne sida har artiklar frå Sogn og Fjordane ned på kommunenivå.
Lokalhistoriske laurdagsmøte i Sogndal bibliotek
07/02/2008 at 09:39 | In Lokalhistorie | Leave a CommentBiblioteksjef Signe Witsø ved Sogndal bibliotek fortel om eit arrangement dei har ved biblioteket:
Signe skriv: 3-4 gonger kvart år arrangerer Sogndal bibliotek lokalhistoriske laurdagsmøte med forskjellige tema. Desse møta varer omlag ein time og startar etter vanleg stengetid på desse laurdagane, dvs. kl.14.
Laurdag 26.januar hadde vi eit slikt møte med tittel Kvåle – ein forsvunnen storgard. Arkeolog Christoffer Knagenhjelm fortalde og viste bilete frå utgravingane på Kvåle/Gurvin i Sogndal. Det viste seg å vere stor interesse for dette temaet og omlag 75 personar fann vegen til biblioteket.
Er det andre som vil fortelje om små og store arrangement i biblioteka? Skriv ein tekst og send den inn til meg – gjerne med bilete til! Robert
Blogg på WordPress.com. | Theme: Pool by Borja Fernandez.
Entries and comments feeds.