Kvifor lese bøker?
23/01/2008 at 13:41 | In Lesing, Litteratursosiologi, Romanar | Leave a CommentBokprogrammet på NRK1 tirsdag handla om kvifor lese bøker. For dei som ikkje fekk det med seg eller vil sjå det att, klikk på lenka:
http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/329236
Professor i sosialmedisin, Per Fugelli, var intervjua i programmet, og meinte at i dette landet, “besatt av nytte og lønnsomhet”, som han sa, måtte litteraturen for all del kompensere for plikt(arbeidet). Om ikkje, ville den svikte forpliktingane sine, meinte lege og sosialmedisinar Fugelli.
I England, der 2008 er The year of Reading, har lesesirklar for pasientar breidd om seg. Tanken er at lesing helar og hjelper til i leginga av sjukdom. Denne metoden er døypt biblioterapi, og litteraturprofessor Drude von der Fehr ved Universitetet i Oslo, som har jobba mykje med humanistisk sjukdoms- og helseforsking, til liks med Fugelli, seier til Klassekampen 12-13.januar (artikkelen er ikkje på Internett) at ved å lese kan eit menneske oppleve “akutt følelse av kvalitet..kroppslig velvære…følelse av at ting henger sammen og betyr noe…Kroppen får en mulighet til å reparere seg selv”.
Kjerna i tenkinga om lesinga sitt tilfriskingspotensial er trua på at sjukdom meldar seg når eit drama oppstår i kroppen til ein person. Akkurat det å få tak i denne storyen, og å starte helbredinga av kroppen kan lesing av bøker hjelpe til med gjennom refleksjon omkring kva ein likar å lese og korleis lesaropplevinga kjennast.
Dette er kanskje ikkje heilt nye tankar, men interessant at helsevesenet i England har teke lesing i bruk som medisin. Noko for Noreg og for biblioteka? Sjå meir om The reading cure i den engelske avisa The Guardian, http://books.guardian.co.uk/print/0,,331956497-99931,00.html
Von der Fehr understrekar at god litteratur i denne samanhengen vil seie god for deg. Ein tittel eg fekk assosisjon til under skrivinga av dette er romanen Gjennom ordene av Marie Cardinal. Andre?
Ein anna deltakar i Bokprogrammet var Inge Eidsvåg, lektor ved Nansenskolen på Lillehammer, forfattar og kåsør i NRK Radio. Han har skrive ei bok om lesing som kom ut i fjor, Stille stemmer – indre bilder. Om lesningens velsigning, farer og fryd, sjå ei melding av den her, http://www.oa.no/kultur/nye_boeker/article3254240.ece
Gaular folkebibliotek har denne boka av Eidsvåg i samlinga si.
Blogg på WordPress.com. | Theme: Pool by Borja Fernandez.
Entries and comments feeds.