Bragepris til nynorsk forfattar

26/11/2009 at 09:53 | In Barnebøker, Litteraturprisar, Nynorsk | Leave a Comment

I klassen Barne- og ungdomsbøker gjekk årets Bragepris til Maria Parr for romanen Tonje Glimmerdal. Les meir

Nobelprisen i litteratur til Herta Müller

08/10/2009 at 14:33 | In Forfattarar, Litteraturprisar | Leave a Comment

Herta Müller frå Romania, busett i Tyskland dei siste 22 åra, vart i dag utnemnt til mottakar av Nobelprisen i litteratur 2009, sjå omtale i Dagbladet: http://bit.ly/25edDs  Les meir

Utmerking til Ragnhild Nilstun

04/09/2009 at 14:31 | In Forfattarar, Litteraturprisar, Vaksenbøker | Leave a Comment

Ragnhild Nilstun (f.1943) er tildelt Amalie Skram-prisen 2009. Tildelinga skjer i hovudsak pga. romantrilogien For mitt blikk, For kjærlighetens skyld og Min lange reise ender her, sjå  http://www.bokogsamfunn.no/velfortjent-pris/ Les meir

Om å stå i kvikksand..

29/07/2009 at 14:32 | In Litteraturprisar, Ungdomsbøker | Leave a Comment

I sommar har eg lest boka Sommerfugl av den australske ungdomsforfattaren Sonya Hartnett. Hartnett er ein spanande forfattar som også er ein fornyar innan sin sjangar.
Les meir

Kritikarane likar Ekman

06/03/2008 at 18:32 | In Barnebøker, Litteraturprisar | Leave a Comment

Kall meg onkel Alf av Fam Ekman er den barne- og ungdomsboka litteraturkritikarane likte best av fjorårets utgjevingar i denne kategorien. Det opplyser Norsk Kritikerlag i ei pressemelding i dag torsdag, sjå http://www.kritikerlaget.no/uploads/media/Pressemelding_LitteraturKritikPris07.pdf

Meldingar av Kall meg onkel Alf: http://barnebokkritikk.no/modules.php?name=Reviews&rop=showcontent&id=450  http://www.aftenposten.no/kul_und/litteratur/article1719180.ece

Presisjonsskriving

06/03/2008 at 16:09 | In Litteraturprisar, Romanar | 1 Comment

Eg har nett lese ut romanen Innsirkling av Carl Frode Tiller. Den kom ut i fjor haust og har fått særs god mottaking. Tiller er født i 1970 og er frå Trondheim. Han debuterte i 2001 med romanen Skråninga. Han skriv på nynorsk, og romanen frå 2007 er den tredje frå Tiller si hand. Eg meiner Innsirkling er ein roman med høg litterær verdi.

Innsirkling - Carl Frode Tiller

Les meir

Ungdomen set pris på Åberg

06/03/2008 at 09:59 | In Litteraturprisar | Leave a Comment

Johan Harstad vart i går tildelt Ungdommens Kritikerpris for romanen Hässelby, sjå http://www.bokogsamfunn.no/Nettutgaven/163539 og http://www.dagsavisen.no/kultur/boker/article338415.ece

Den prislønna romanen handlar om velkjente Albert Åberg som vaksen.

Eg må vedgå at eg ikkje har lese Hässelby av Johan Harstad. Men novellesamlinga Ambulanse frå 2002 av same forfattar har eg lese, og den kan anbefalast. 

I dei 11 novellene krinsar handlingane om ei og same ambulanse. Det er fikst og smart arrangert og ei lesaroppleving som varmar. Eg meiner denne boka høver for ungdom og vaksne. 

Rivertonprisen til Gunnerud

04/03/2008 at 15:23 | In Forfattarar, Litteraturprisar | Leave a Comment

Jørgen Gunnerud er i dag tildelt Rivertonprisen 2007. Han fekk utmerkinga for romanen Høstjakt.

“Forfatteren er en mester i å finne de presise språklige detaljene som skaper nærvær og nysgjerrighet til teksten – men også overbevisende realisme. Dette er troverdig og levende.” Det slår juryen mellom anna fast om forfattarskapen til Gunnerud.

Jørgen Gunnerud debuterte i 1994.

Omtale i NRK, http://www.nrk.no/nyheter/kultur/1.5002342

P2-pris til Beate Grimsrud

10/02/2008 at 17:22 | In Litteraturprisar, Romanar | Leave a Comment

NRK P2-lyttarane sin pris for 2007 går til Beate Grimsrud og romanen Søvnens lekkasje, http://www.nrk.no/nyheter/kultur/litteratur/1.4748990

Har nokon lese boka? Kven høver den for? Fortel gjerne om lesaropplevinga på bloggen.

Favorittbøkene til bokmeldarane

07/02/2008 at 17:09 | In Barnebøker, Litteraturprisar, Ungdomsbøker | Leave a Comment

Titlar Norsk kritikerlag meiner er dei beste frå året 2007:

Barn og ungdom:

  • Kall meg Onkel Alf - Fam Ekman
  • Hallo Jorda! - Anna Fiske
  • Slangen i graset - Hans Sande og Gry Morsund
  • Avstikkere - Øyvind Torseter

Kjekt at Det Norske Samlaget og nynorsken er representert ved Morsund og Sande. Fiske kjenner vi att som ansvarleg for teikneserien Rabbel. Tre av titlane er gjeven ut av Cappelen forlag. Dei fire bøkene er kjøpt til folkebiblioteka gjennom innkjøpsordninga til Norsk Kulturråd.

Vaksne:

  • Andvake - Jon Fosse
  • Gjestene - Merethe Lindstrøm
  • Ingen vitner for vitnet - Christian Refsum
  • Innsirkling - Carl Frode Tiller

Nominasjonsgjengangarane Fosse og Tiller viser seg att med nynorsk språk, novellesamlinga til Lindstrøm er avhalden av bokmeldarane og Refsum - som eg har lese i tillegg til utgjevinga av Fosse (boka til Tiller opnar eg i kveld) – kan anbefalast til lånarar med sans for Ingvar Ambjørnsen, Dag Solstad og Ola Bauer.  

Beste omsetjingar:

  • Merete Alfsen for Like av Ali Smith 
  • Tormod Eide for Politikk – Aristoteles
  • Lars Moa for Frå alle kantar ber vinden med seg ord og plantar og teikn av Jóanes Nielsen
  • Stig Sæterbakken for Eldreomsorgen i Øvre Kåkedalen av Nikanor Teratologen

Teksten Politikk av ein av meistrane frå antikken bør “hamne på nattbordet til folk” og er like lett å lese som dei bøkene “som ligg der frå før.” Det skriv meldar Jon Langdal i Klassekampen 26. januar i år.

Moa har omsett diktsamlinga av Nielsen frå det vesle språket færøysk – sjå meldingar i Dag og Tid http://www.dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=1149 og jamvel i Aftenposten ved poet, formidlar og meldar Knut Ødegård, http://www.aftenposten.no/kul_und/litteratur/article2118949.ece 

Omsetjinga av den svenske kultroman til målføre frå Lillehammerdistriktet er gjort av Sæterbakken. Han er kjent for eigne romanar og omsetjingar av Edgar Allan Poe.

Eg har brukt http://www.dagbladet.no/kultur/2008/02/07/526221.html som kjelde for denne framstillinga. På nettsida til Norsk kritikerlag finn de opplysingar om nomineringane, sjå http://www.kritikerlaget.no/index.php?id=5 

NRK P2 sin romanpris

30/01/2008 at 10:21 | In Litteraturprisar, Romanar | Leave a Comment

Laurdag 9.februar blir det avslørt kven som får P2-lyttarane sin pris for fjorårets beste norske roman. Det står om desse utgjevingane:

  • Turisten – Erik Bakken Olafsen  
  • Svart himmel, svart hav – Izzet Celasin
  • Søvnens lekkasje – Beate Grimsrud
  • Borte en vinter – Heidi Marie Kriznik
  • Usynlige hender – Stig Sæterbakken
  • Innsirkling – Carl Frode Tiller

Bøkene til Grimsrud, Kriznik, Sæterbakken og Tiller er også nominert til Ungdommens Kritikarpris.  

Dei fem kvinnene og mennene som sit i juryen for P2 sin romanpris er “vanlege” lyttarar med interesse for litteratur og for lesing av romanar.

I fjor vann Kjartan Fløgstad med Grand Manila. Sigmund Løvåsen stakk i 2003 av med prisen for debutromanen Nyryddinga. To år tidlegare fekk ein anna debutant, Carl Frode Tiller, prisen for Skråninga. Alle desse er skrivne på nynorsk, og det er bra.

Ungdommens kritikarpris

23/01/2008 at 11:29 | In Litteraturprisar, Ungdomsbøker | Leave a Comment

Desse er nominerte til Ungdommens kritikarpris, http://www.ungdommenskritikerpris.no/:

  • Stig Sæterbakken: Usynlige hender
  • Cornelius Jakhellin: Gudenes fall
  • Carl Frode Tiller: Innsirkling
  • Edmund Austigård: Taxi for B. A. Beckstrøm
  • Beate Grimsrud: Søvnens lekkasje
  • Jon Fosse: Andvake
  • Heidi M. Kriznik: Borte en vinter
  • Johan Harstad: Hässelby

5. mars finn prisutdelinga stad, og då får vi dommen frå dei 150 elevane ved vidaregåande skular omkring i landet som i desse dagar les dei åtte bøkene.

To av dei nominerte er på nynorsk, Fosse og Tiller, og det skal bli spanande å sjå kva for vurdering dramatikar Fosse får av dei unge. Tekstane til Fosse er ikkje mellom dei lettast tilgjengelege, og krevst kanskje ein (meir) moden mottakar.

Ungdommens Kritikerpris vart skipa i 2005 etter initiativ frå Foreningen !les,  http://www.foreningenles.no/, Utdanningsforbundet, Norsk Kritikerlag, Utdanningsdirektoratet og Den Norske Forleggerforening.

Teskjekjerringprisen “til” Svein og Rotta

17/01/2008 at 15:47 | In Litteraturprisar | 1 Comment

Forfattarinna Marit Helene Nicolaysen vart i dag tildelt Teskjekjerringprisen 2007. Ho er kjent for bøkene om ei, eg siterer, “umulig hetterotte” og den “oppofrende redningsmann” Svein, sjå NRK: http://www.nrk.no/nyheter/kultur/1.4548627

Nicolaysen er intervjua i NRK P2 “Kulturnytt” 17.januar kl.15.00. Har du lyst; høyr programmet i nettradioen, klikk her, http://www.nrk.no/programmer/sider/kulturnytt/

OBS! For å høyre lydopptak gjennom PC må datamaskina ha innstallert lydkort og ha høgtalar.

Musikaren Anne Grete Preus fekk torsdag Prøysenprisen 2007 for musikken sin og tekstane ho lagar.

Kva med å gjere nytte av aktualiteten til desse to kunstnarane i formidlinga i biblioteket, og vis fram gjennom utstilling eller anna bøkene til Marit Helene Nicolaysen og cd-ane til Anne Grete Preus for brukarane?

Blogg på WordPress.com. | Theme: Pool by Borja Fernandez.
Entries and comments feeds.