Nettsider med lesetips – med vekt på nynorsk
04/11/2009 at 14:16 | In Litteraturformidling, Nettressurs, Nynorsk | Leave a CommentVi har tidligare tipsa om Nynorsksenteret som har fått oppdaterte nettsider (sjå innlegg lenger ned på sida). Eg vil nytte høve til å forklare kvifor denne sida og ei anna side, ønskebok.no, er viktige ressursar som både lærarar og bibliotekarar med fordel kan nytte i sitt arbeid. Les meir
Tips til god “bibliotek-blogg”
14/08/2009 at 12:35 | In Bibliotek, Litteraturformidling, Romanar, Sosial nett-teknologi | Leave a CommentHøyanger bibliotek har ein flott blogg med gode tips om bøker og anna som biblioteket har å tilby.
Du finn den her: http://biblisen.blogspot.com/
Bente Lund
Dei “usynlege” i bokhausten
31/07/2009 at 10:42 | In Litteraturformidling, Samlingsutvikling, Utlån | Leave a CommentEin artikkel i Klassekampen onsdag 29. juli, http://www.klassekampen.no/56349/mod_article/item fokuserer på hauststormane med nye bok-utgjevingar som er i vente, og gjer eit poeng ut av at media ikkje gir spalteplass til dei aller fleste av dei nye bøkene. Les meir
Littkrit i Aurland
08/07/2009 at 10:02 | In Litteraturformidling, Ungdomsbøker | Leave a CommentFor tredje gong kan heldige ungdomar i sommar få jobbe med litteratur om dei har fått plass på Littkrit Totusen&9; http://littkrit.wordpress.com/about/
I år er det produksjon av skjønnlitterære tekstar som er i fokus. Følg aktiviteten på http://twitter.com/ der søkjeordet er “nynorske”.
Robert Haugen
Anbefaling av bøker
24/09/2008 at 17:06 | In Litteraturformidling, Romanar, Ungdomsbøker | Leave a CommentStavanger bibliotek har ein blogg der bibliotekarar omtalar og anbefalar bøker. Aktiviteten er ikkje så stor, men det kan kanskje vere noko å hente ved å ta eit klikk her: http://bibliotekareneanbefaler.blogspot.com/
Sogndal bibliotek opnar filial i barnehage
19/09/2008 at 13:18 | In Biblioteksutvikling, Lesing, Litteraturformidling | Leave a CommentVi les i Sogn Avis om Sogndal bibliotek som har satt i gang med minifilial i Kyrkjebakken barnehage. Les meir
Berre må ha Paasilinna
03/06/2008 at 16:36 | In Forfattarar, Litteraturformidling, Romanar | 1 CommentVi er alle ute etter tips om gode bøker til folk som elsker å lese, og til folk som ikkje vanlegvis gidder lese. Bøkene til Arto Paasilinna er perfekte for oss bibliotekfolk. Continue reading Berre må ha Paasilinna…
Bøker som liknar
02/04/2008 at 12:41 | In Forfattarar, Litteraturformidling | Leave a Comment“Noget som ligner” heiter ei spalte i den danske litteraturformidlings-nettsida Litteratursiden, http://www.litteratursiden.dk/ Der kan du finne tips om bøker som i innhald liknar populære utgjevingar, til dømes titlar som kan minne om bøkene til svenske Stieg Larsson: http://www.litteratursiden.dk/sw20023.asp
Bærum bibliotek har noko liknande som i Litteratursiden.dk: http://www.barum.folkebibl.no/voksenavd/boktips.html Sjå i menyen til venstre på nettsida.
Nordisk forfattaratlas
01/04/2008 at 13:55 | In Forfattarar, Litteraturformidling | Leave a CommentI samarbeid med NRK, finske YLE og svenske SVT har Danmarks Radio lansert ein nordisk forfattaratlas på nettet: http://www.dr.dk/Kultur/Forfatteratlas/Forside.htm
Ved hjelp av den interaktive atlasen kan brukaren få svar på kven ein diktar er inspirert og påverka av, og på den måten oppdage nye forfattarskap og sambandsliner. Ved eit dobbelklikk på eit forfattarnamn i atlasen kjem eit utval filmklipp fram, og linjer attende og framover i forfattaratlasen. Den er verdt å kikke på.
Korleis skal biblioteka vere?
17/03/2008 at 14:59 | In Biblioteksutvikling, Litteraturformidling | Leave a CommentPernille Schaltz, nytilsett sjef ved hovudbiblioteket i København, ønsker å setje dei fleste bøkene ned i opne magasin og å leggje større vekt på formidling av populær litteratur og andre media enn boka, sjå http://www.bokogbibliotek.no/index.php?
Bøker til ungdomen
14/03/2008 at 11:32 | In Litteraturformidling, Romanar, Ungdomsbøker | Leave a CommentUte etter tips om bøker å anbefale ungdom på veg ut i livet? Litteraturarbeidarane Helene Uri, Aslak Sira Myhre og Marta Norheim gir sine råd i siste nummer av tidsskriftet til Den Norske Bokhandlerforening. Robert Haugen hengjer seg på.
Ta biblioteka på alvor
11/03/2008 at 10:56 | In Biblioteksutvikling, Litteraturformidling | Leave a CommentI ein kronikk i Dagbladet sist laurdag, http://www.dagbladet.no/kultur/2008/03/08/529126.html framhevar Johan L. Tønnesson, professor i sakprosa, at folkebiblioteka kan, om styresmaktene evnar og vil sjå det, spele ei vesentleg rolle i litteraturpolitikken her i landet. Og kunnskapsminister Solhjell overser skule-og folkebiblioteka, etter kva eg kan sjå.
Bokbåten lasta
22/02/2008 at 14:54 | In Bokbåten Epos, Litteraturformidling | Leave a CommentKlar båt med Hoggerne, Vampyr, Gud er norsk, Epleptisk, Pondus, Rampete Robin, Goethe, Mannen som hatet kvinner, skodespelar.
Ved kaia Steinen i Førde: Du er no komen ombord i bokbåten Epos http://www.bokbaten.no/ . Vi er klare til avgang, men vergudane er ikkje med oss i dag og gjer at første stopp må kansellerast. Ein fullasta båt med bokstavar lyt også bøye seg for naturen, sjølv om ein er aldri så trygg med ordet i si makt.
Men i morgon tidleg dreg vi avgarde med skjønnlitteratur for store og små, sakprosa for liten og stor, poesi for den kresne og lettsindige, biletbøker på fanget som opnar opp verda og mennesket, teater med Kjell Matheussen http://www.darekisten-teater.no/vi kan spegle oss i, Hans og Jakob Sande, Jon Fosse og fossekallen – dei er der alle.
Biblioteket er den beste sosiale møtestaden me bibliotekarar veit om. Ingen tvil om det. Skodespelar og bibliotekar Kjell traff att tidlegare medstudent Olaug ombord i “Epos”. Olaug har arbeidd ved fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane og vore med på bokbåtturar. Danningsreisa til Kjell har teke til.
No har vi plukka bøker og bore bokkasser alle kvinner og alle menn. Kaos er rydda unna og alfabetet teke i bruk.
Gunnvor (biletet til venstre) og bokbåtansvarleg Ingrid under arbeidet med å tømme bokkassene.
Avgang klokka 08.00 i morgon, opplyser kaptein Stian. Då går turen til Losnegård og Brosvik i Gulen kommune.
Blogg på WordPress.com. | Theme: Pool by Borja Fernandez.
Entries and comments feeds.