Spanande nettutstilling for ungdom og vgs
10/09/2009 at 12:56 | In Forfattarar, Lesing, Nettressurs, Ungdomsbøker | Leave a CommentFortellinger om henne er tittelen på ei nettutstilling om litteratur laga av KILDEN Informasjonssenter for kjønnsforskning og Foreningen !les: http://bit.ly/Ldypd Les meir
Sogndal bibliotek opnar filial i barnehage
19/09/2008 at 13:18 | In Biblioteksutvikling, Lesing, Litteraturformidling | Leave a CommentVi les i Sogn Avis om Sogndal bibliotek som har satt i gang med minifilial i Kyrkjebakken barnehage. Les meir
Nynorsk på nett
01/04/2008 at 14:51 | In Biblioteksutvikling, Lesing | Leave a CommentNettstaden http://www.nynorsk.no/ ser ut til å gje eit bra oversyn om kva som skjer i “nynorskverda”, som det står på framsida på denne nettsida. Der kan vere tips å hente om utgjevingar på nynorsk og anna som er formålstenleg for arbeidet i biblioteket. Som eit av dei fremste, om ikkje det i front, nynorsk-fylke i landet, bør vi følgje (kanskje endå meir) med på kva som skjer i og med det nynorske. I redaksjonen i nynorsk.no er mellom andre folkebiblioteksjefen i Sør-Varanger, Vidar Lund.
Signar bibliotekarar, biblioteka og boka
07/03/2008 at 16:32 | In Forfattarar, Lesing | Leave a CommentInge Eidsvåg heiter ein mann. Han er rektor ved Nansenskolen på Lillehammar, morgonkåsør NRK P2 og forfattar. I fjor gav han ut den fine boka Stille stemmer – indre bilder : om lesningens velsignelse, farer og fryd. Han fortel med varme om gleda lesinga har gjeve han – og Eidsvåg skryt av bibliotekarane. Det lyt vi ta med oss. Eidsvåg var mykje sjuk som liten og fekk god tid til å lese. På den måten vart eit sterkt kjærleikstilhøve mellom ein gut/mann og bøker skapt.
Snakkis
21/02/2008 at 15:56 | In Forfattarar, Lesing, Noveller, Romanar | Leave a CommentTidsskriftet og nettstaden Bok og Samfunn har ei fast spalte dei kallar “Snakkis”. Kvar veke blir ei ny, aktuell bok presentert – denne veka Oppmålingen av verden av tyskaren Daniel Kehlmann; http://www.bokogsamfunn.no/Test/163041
Andre “Snakkisbøker” her: http://www.bokogsamfunn.no/Test
Litteratursiden.dk
21/02/2008 at 14:01 | In Lesing, Nettressurs | Leave a CommentNettsida http://www.litteratursiden.dk/ i Danmark har som formål å “…formidle den gode bog – og være en uudtømmelig inspirationskilde til læsning”. Bak skipinga står samanslutnaden “Foreningen Litteratursiden”. Alle dei danske biblioteka er invitert til å vere med i denne organisasjonen og per i dag er talet på medlemsbibliotek 79. Prosjektet er støtta av den danske “Biblioteksstyrelsen”.
På framsida i dag kan vi mellom anna lese http://www.litteratursiden.dk/sw115385.asp ei melding av den danske omsetjinga av Magret av Anne Karin Elstad. Den faste menyen er lagt til venstre på førstesida, og inneheld mellom anna temaene “Vi anbefaler”, “Læseklubben” og “Noget der ligner”.
I sistnemnte kategori kan du få tips om bøker med nokolunde same tema og innhald. Her er bøker som liknar på den populære Vindens skygge av C.R. Zafón; http://www.litteratursiden.dk/sw103884.asp
Det kan vere råd og vink å hente frå denne nettsida i arbeidet i biblioteket. Du finn den som fast lenke på menyen i Fybbloggen.
Rettane til lesaren
12/02/2008 at 15:50 | In Lesing | Leave a CommentDen franske forfattaren Daniel Pennac presenterer i boka Som en roman : om gleden ved å lese (1999) 10 rettar til lesaren.
-
Retten til ikkje å lese
-
Retten til å hoppe over sider
-
Retten til ikkje å lese ut ei bok
-
Retten til å lese om igjen
-
Retten til å lese kva som helst
-
Retten til å la seg påverke
-
Retten til å lese kor som helst
-
Retten til å skumlese
-
Retten til å lese høgt
-
Retten til å teie [om det ein les]
Desse rettane som kvar einaste lesar i alle aldrar har kan kanskje verke sjølvsagte og opplagde. Likevel trur eg at dei er verdt å reflektere over - kanskje kan vi rett og slett ta nokre med i det daglege arbeidet i biblioteket.
Barn og ungdom les i Bibelen
08/02/2008 at 16:24 | In Lesing | Leave a CommentEg skreiv i går i bloggen om dikt av færøyingen Nielsen omsett til norsk. Ei lesargransking i 2006, faktisk den første på Færøyane (om lag 50000 innbyggarar), blant 788 skuleelevar frå 4.-10.klasse avslørte at Bibelen faktisk er populær lesing blant barn og unge.
Bibelen er “en av de bedste bøger” eg har lese. Dette sitatet frå ein deltakar i lesarstudien illusterer den uvanleg sterke posisjonen Bibelen har på øyriket. Det fortel lærar Solveig Debress. Ho presenterte lesarundersøkinga på Den Nordiske Barne- og Ungdomslitteraturkonferansen i Stavanger denne veka.
- Religionen har mykje og seie i det færøyske samfunnet, forklarar Solveig om den høge skåren for dei religiøse tekstane i granskinga. 16 prosent av 4.-7.klassingane og 21 prosent av 8.-10.klassingane meiner at Bibelen er av dei beste bøkene dei har lese. Skal tru kva ungdomar her i landet har og seie om denne boka?
Lesarundersøkinga viser at Tolkien og Rowling saman med Kaaberbøl og Nilsson-Brännström er dei aller mest populære forfattarane. Dette er namn vi kjenner att.
Dei færøyske barna og ungdomane les færre bøker enn same målgruppe i dei nordiske landa, opplyser Solveig Debress.
Kvifor lese bøker?
23/01/2008 at 13:41 | In Lesing, Litteratursosiologi, Romanar | Leave a CommentBokprogrammet på NRK1 tirsdag handla om kvifor lese bøker. For dei som ikkje fekk det med seg eller vil sjå det att, klikk på lenka:
http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/329236
Professor i sosialmedisin, Per Fugelli, var intervjua i programmet, og meinte at i dette landet, “besatt av nytte og lønnsomhet”, som han sa, måtte litteraturen for all del kompensere for plikt(arbeidet). Om ikkje, ville den svikte forpliktingane sine, meinte lege og sosialmedisinar Fugelli.
I England, der 2008 er The year of Reading, har lesesirklar for pasientar breidd om seg. Tanken er at lesing helar og hjelper til i leginga av sjukdom. Denne metoden er døypt biblioterapi, og litteraturprofessor Drude von der Fehr ved Universitetet i Oslo, som har jobba mykje med humanistisk sjukdoms- og helseforsking, til liks med Fugelli, seier til Klassekampen 12-13.januar (artikkelen er ikkje på Internett) at ved å lese kan eit menneske oppleve “akutt følelse av kvalitet..kroppslig velvære…følelse av at ting henger sammen og betyr noe…Kroppen får en mulighet til å reparere seg selv”.
Kjerna i tenkinga om lesinga sitt tilfriskingspotensial er trua på at sjukdom meldar seg når eit drama oppstår i kroppen til ein person. Akkurat det å få tak i denne storyen, og å starte helbredinga av kroppen kan lesing av bøker hjelpe til med gjennom refleksjon omkring kva ein likar å lese og korleis lesaropplevinga kjennast.
Dette er kanskje ikkje heilt nye tankar, men interessant at helsevesenet i England har teke lesing i bruk som medisin. Noko for Noreg og for biblioteka? Sjå meir om The reading cure i den engelske avisa The Guardian, http://books.guardian.co.uk/print/0,,331956497-99931,00.html
Von der Fehr understrekar at god litteratur i denne samanhengen vil seie god for deg. Ein tittel eg fekk assosisjon til under skrivinga av dette er romanen Gjennom ordene av Marie Cardinal. Andre?
Ein anna deltakar i Bokprogrammet var Inge Eidsvåg, lektor ved Nansenskolen på Lillehammer, forfattar og kåsør i NRK Radio. Han har skrive ei bok om lesing som kom ut i fjor, Stille stemmer – indre bilder. Om lesningens velsigning, farer og fryd, sjå ei melding av den her, http://www.oa.no/kultur/nye_boeker/article3254240.ece
Gaular folkebibliotek har denne boka av Eidsvåg i samlinga si.
Blogg på WordPress.com. | Theme: Pool by Borja Fernandez.
Entries and comments feeds.