Ressursdeling og fjernlån

28/10/2009 at 14:55 | In Biblioteksutvikling, Kassering | Leave a Comment

Om ikkje lenge skal samsøk for biblioteka i Sogn og Fjordane vera klart til bruk. Samsøket vil både gi betre tilbod for brukarane og for oss tilsette. Les meir

Apropos kassering..

14/08/2009 at 13:51 | In Kassering, Samlingsutvikling | Leave a Comment

Ta ein titt på denne bloggen laga av to amerikanske bibliotekarar: http://awfullibrarybooks.wordpress.com/

Bente Lund

Om kassering

13/06/2008 at 15:29 | In Kassering | Leave a Comment

Morgenbladet kommenterer kassering i bibliotek; http://www.morgenbladet.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20080613/OBOKER/834389621/-1/BOKER Klikk deg vidare for å lese meir om kassering.

 

Continue reading Om kassering…

Deilig å vere på biblioteket?

20/02/2008 at 16:58 | In Bibliotekinnreiing, Biblioteksutvikling, Kassering | 4 Comments

Eg prøvde meg med eit innlegg på denne bloggen om kassering for ei tid sidan, drøymte om at eg skulle få mange kommentarer frå kollegaene mine rundt i fylket om dette frykta og vanskelege temaet. Eg såg for meg ein utviklande dialog kor vi alle blei mykje klokare og fekk mot til å hive oss over hyllene våre med dødsforakt i blikket. Tystnaden frå folket var øyredøvande…

No gjer eg eit nytt framstøt. Denne gongen vil eg ta opp noko som faktisk er beslekta med forrige tema, nemlig det at biblioteket kan vere ein deilig plass å vere. Eg sat ein dag og leste på danskane sin blogg voresbibliotek.dk og blei så glad og inspirert. Så inspirert at eg måtte fortelje det til fleire.

For det første synest eg det er ein kjempeide å lage ein blogg for brukarane så vi kan få innspel til korleis biblioteka kan utvikle seg i tråd med ønskjer og behov hos dei som skal bruke oss.

For det andre synest eg det er mange gode tips og ideer som vi bør tenkje over og kanskje ta i bruk. Spesielt blei eg glad for innspelet med tittelen “Husk de fysiske rammer”. Her skriv ein: ”Hvem gider trisse rundt blandt støvede bøger i triste lokaler, der kun bekræfter fordomme om folkebiblioteket som et sted på vej ned?” Nei, nettopp. Att biblioteket må vere ein triveleg plass, må høgare opp på lista vår. Då tenkjer eg på lista over kva vi må prioritere.

Eg er også av den meining at det er langt i frå berre pengar det står på for at biblioteka skal bli ein bra plass. Vi må ta i bruk våre små grå, fantasien. Ting kan flyttes på, bøker kan kasserast, hyller kan målast. Det er mykje vi kan gjere for å få biblioteka fargerike og spanande. Mangler ein estetisk sans, får ein finne nokon som kan kome med gode råd. Skal vi erklære fylket vårt for nedstøvet-bibliotek-fri-sone?

Kassering – eg tilstår eg liker det

05/02/2008 at 12:13 | In Kassering | Leave a Comment

Anne Sagen skriv: Å kassere er for dei fleste noko av eit ork. Vi gruer oss og er usikker på kva vi kan eller må kassere. Men eg må tilstå etter å ha dreve med dette i mange år, er eg blitt ein glad kasserar.

Kvifor? Fordi det er så vidunderleg og tilfredsstillande å sjå korleis boksamlinga får eit nytt ansikt. Plutseleg får ein til å vise fram godbitane på hylla, ein kan rett og slett vise fram bøker på ledige plassar i hylla. Lånarane kommenterar ofte kor mykje nye bøker vi har fått og la berre lånarane få tru det.

Har du høyrt om Sandefjord bibliotek som kasserte og auka utlånet? Sjå her: http://plinius.wordpress.com/2008/01/29/p-2408/#more-1406

Blogg på WordPress.com. | Theme: Pool by Borja Fernandez.
Entries and comments feeds.