Nobelprisen i litteratur til Herta Müller
08/10/2009 at 14:33 | In Forfattarar, Litteraturprisar | Leave a CommentHerta Müller frå Romania, busett i Tyskland dei siste 22 åra, vart i dag utnemnt til mottakar av Nobelprisen i litteratur 2009, sjå omtale i Dagbladet: http://bit.ly/25edDs Les meir
Spanande nettutstilling for ungdom og vgs
10/09/2009 at 12:56 | In Forfattarar, Lesing, Nettressurs, Ungdomsbøker | Leave a CommentFortellinger om henne er tittelen på ei nettutstilling om litteratur laga av KILDEN Informasjonssenter for kjønnsforskning og Foreningen !les: http://bit.ly/Ldypd Les meir
Utmerking til Ragnhild Nilstun
04/09/2009 at 14:31 | In Forfattarar, Litteraturprisar, Vaksenbøker | Leave a CommentRagnhild Nilstun (f.1943) er tildelt Amalie Skram-prisen 2009. Tildelinga skjer i hovudsak pga. romantrilogien For mitt blikk, For kjærlighetens skyld og Min lange reise ender her, sjå http://www.bokogsamfunn.no/velfortjent-pris/ Les meir
Gratis lesing
04/09/2009 at 14:12 | In Forfattarar, Noveller, Vaksenbøker | Leave a CommentRune Hjemås har lagt ut to noveller frå den siste boka si Indianarar for gratis lesing og nedlasting til den som vil: http://www.runefhjemas.com/1977/
Dette er kanskje ein måte å promotere og gjere seg kjent på som vil auke i tida framover, og som vi bibliotekarar kanskje bør kjenne til.
Robert Haugen
I krigens dagar
03/02/2009 at 14:34 | In Forfattarar, Romanar, Sakprosa | Leave a CommentInteressa hos publikum for litteratur om andre verdskrigen og om hendingar frå desse fem lagnadstunge åra held seg særs godt oppe, må ein kunne seie. Continue reading I krigens dagar…
Berre må ha Paasilinna
03/06/2008 at 16:36 | In Forfattarar, Litteraturformidling, Romanar | 1 CommentVi er alle ute etter tips om gode bøker til folk som elsker å lese, og til folk som ikkje vanlegvis gidder lese. Bøkene til Arto Paasilinna er perfekte for oss bibliotekfolk. Continue reading Berre må ha Paasilinna…
Storskryt til lokal forfattar
21/05/2008 at 17:55 | In Forfattarar, Romanar | Leave a CommentBrynjulf Jung Tjønn, oppvaksen i Vik kommune, er eit forfattarnamn å merke seg med ein gong – om ein ikkje har gjort det før.
Hovudmeldar Marta Norheim i NRK rosar Jung Tjønn sin siste roman, Lyden av noen som dør, svært høgt: http://www.nrk.no/nyheter/kultur/litteratur/1.5715451 Ho meiner at den 28 år gamle mannen er i ferd med å bli ein “stor forfattar”.
Brynjulf Jung Tjønn finn nynorsken vanskeleg å bruke i diktinga si. Dette skreiv han ein kronikk om i Aftenposten i april i år: http://www.aftenposten.no/meninger/kronikker/article2370858.ece
Heimesida til forfattaren: http://www.brynjulf.no/
Om krig og fred
21/05/2008 at 11:25 | In Forfattarar, Romanar | Leave a CommentPeter Englund er namnet på ein svensk historikar og skribent. Han har gitt ut fleire spanande og interessante bøker om tida då Sverige var ei stormakt i Europa, og då nabolandet var på krigstokt på dette kontinentet og i Russland på 1600 -og tidleg 1700-tal.
Prinsesser og fattige nynorsk-forfattarar
20/05/2008 at 09:34 | In Forfattarar | Leave a CommentI desse 17. mai-tidar kan kanskje Lars Mæhle sine tankar rundt nytten av ei prinsesse vere aktuell, sjå magasinett.no

Framifrå prosalyrikk
19/05/2008 at 15:46 | In Forfattarar, Romanar | Leave a CommentDei som deltok på kurset om kulturfond-bøker for vaksne like over påske i Førde hugsar kanskje at romanen Fraværet av musikk av Rune Christiansen fekk svært god mottaking. Eg sluttar meg til rosen til denne boka. Språket er nydeleg, akkurat som musikk. Men han har skrive andre gode bøker. Continue reading Framifrå prosalyrikk…
Bøker som liknar
02/04/2008 at 12:41 | In Forfattarar, Litteraturformidling | Leave a Comment“Noget som ligner” heiter ei spalte i den danske litteraturformidlings-nettsida Litteratursiden, http://www.litteratursiden.dk/ Der kan du finne tips om bøker som i innhald liknar populære utgjevingar, til dømes titlar som kan minne om bøkene til svenske Stieg Larsson: http://www.litteratursiden.dk/sw20023.asp
Bærum bibliotek har noko liknande som i Litteratursiden.dk: http://www.barum.folkebibl.no/voksenavd/boktips.html Sjå i menyen til venstre på nettsida.
Nordisk forfattaratlas
01/04/2008 at 13:55 | In Forfattarar, Litteraturformidling | Leave a CommentI samarbeid med NRK, finske YLE og svenske SVT har Danmarks Radio lansert ein nordisk forfattaratlas på nettet: http://www.dr.dk/Kultur/Forfatteratlas/Forside.htm
Ved hjelp av den interaktive atlasen kan brukaren få svar på kven ein diktar er inspirert og påverka av, og på den måten oppdage nye forfattarskap og sambandsliner. Ved eit dobbelklikk på eit forfattarnamn i atlasen kjem eit utval filmklipp fram, og linjer attende og framover i forfattaratlasen. Den er verdt å kikke på.
Signar bibliotekarar, biblioteka og boka
07/03/2008 at 16:32 | In Forfattarar, Lesing | Leave a CommentInge Eidsvåg heiter ein mann. Han er rektor ved Nansenskolen på Lillehammar, morgonkåsør NRK P2 og forfattar. I fjor gav han ut den fine boka Stille stemmer – indre bilder : om lesningens velsignelse, farer og fryd. Han fortel med varme om gleda lesinga har gjeve han – og Eidsvåg skryt av bibliotekarane. Det lyt vi ta med oss. Eidsvåg var mykje sjuk som liten og fekk god tid til å lese. På den måten vart eit sterkt kjærleikstilhøve mellom ein gut/mann og bøker skapt.
Rivertonprisen til Gunnerud
04/03/2008 at 15:23 | In Forfattarar, Litteraturprisar | Leave a CommentJørgen Gunnerud er i dag tildelt Rivertonprisen 2007. Han fekk utmerkinga for romanen Høstjakt.
“Forfatteren er en mester i å finne de presise språklige detaljene som skaper nærvær og nysgjerrighet til teksten – men også overbevisende realisme. Dette er troverdig og levende.” Det slår juryen mellom anna fast om forfattarskapen til Gunnerud.
Jørgen Gunnerud debuterte i 1994.
Omtale i NRK, http://www.nrk.no/nyheter/kultur/1.5002342
Blogg på WordPress.com. | Theme: Pool by Borja Fernandez.
Entries and comments feeds.