Asylsøkjarar og folkebiblioteket

03/03/2008 at 15:37 | In Asylsøkarar, Boklånarar | Leave a Comment

Bibliotekinformasjon til asylsøkjarane i Sogndal

Av Signe Witsø, biblioteksjef ved Sogndal bibliotek

Sogndal bibliotek tok for nokre veker sidan kontakt med Sogndal statlege mottak for å få i stand informasjonsmøte på biblioteket. Bakgrunnen for initiativet vårt var at vi såg at det var komne mange nye asylsøkjarar til Sogndal etter nyttår og at mange av desse ikkje snakka eit språk vi kunne kommunisera med dei på. Mange av dei kom til biblioteket, spesielt for å nytta internett.

 info_mottaket1_sogndal.jpg

Dei tilsette på Sogndal statlege mottak var svært velvillige og interesserte i opplegget vårt og delte asylsøkjarane opp i dei same gruppene som dei nytta i høve sine møte med dei. Dei ordna òg opp med at vi fekk nytta dei same tolkane over telefon som dei nyttar (russisk og somali). Vi hadde då 7 forskjellige grupper før og etter biblioteket si opningstid og orienterte dei om kva biblioteket kan tilby og samtidig kva vi forventar av dei.

Dei viktigaste tinga biblioteket kan hjelpa asylsøkarane med er innlån av bøker på deira eige språk, språkkurs for å læra seg norsk, ordbøker på dei ulike språka, lettleste norske bøker og lydbøker med. Vi fekk og høve til å syna dei ressursar på internett både i høve språkopplæring og dei mange ulike spørsmål dei sit med om det norske samfunnet.

Dette vart eit positivt møte både for dei tilsette på biblioteket og for dei inviterte, etter dei tilbakemeldingane vi har fått.

Begeistra boklånar

24/01/2008 at 15:45 | In Boklånarar, Sakprosa | Leave a Comment

Onsdag stod det prenta eit lesarbrev i avisa Firda med sjeldant innhald og med ein bodskap til tilsette i bibliotek. Marta Aase Viken, Bygstad i Gaular kommune, deler i brevet opplevinga ho fekk av å lese boka Ruth Maiers dagbok : en jødisk flyktning i Norge. Ho har lånt den i folkebiblioteket, som Marta skildrar slik: “Skund deg på biblioteket og lån bøkene som er aktuelle”. Ho oppmodar samstundes, og det tykkjer eg er bra, at i biblioteket finn lesarar bøker som ikkje er omtalt så mykje i media.

Desse bøkene bør det bli fortalt om, meiner Marta, og difor deler ho med oss lesinga av dagbøkene til den austerriske jenta som søkte tilflukt i Noreg, men enda sitt liv i Auschwitz i 1942. Jan Erik Vold har redigert dagbøkene frå 1933-1942 til den jødiske kvinna Ruth Maier. - Flott at ei ung jente kunne skrive så openhjertig, seier Marta når eg ringjer henne. Marta har ingenting imot at deler av lesarbrevet hennar blir attgjeve i bloggen.

Bokanbefaling: 

“Lærerik bok. Det er fantastisk å lese om hennar [Ruth Maier] opplevingar frå ho var 16 til 22 år…Å skrive så ope og interessant som henne, er det gjerne få som gjer. Såleis kan boka vere lærerik for oss. Likeeins får vi vite mykje om ein tenåring og seinare vaksen ungdom sine tankar”, skriv Marta i lesarbrevet. Tekstane i dagbøkene er av fleire meldarar omtala som sterke refleksjonar og velformulert kunnskap.

Marta meiner at vanlege lesarar kan dele sine opplevingar med ulike bøker som ikkje får omtale i media. Ho trur det blir lese mykje omkring i fylket, og desse vil “eg gjerne høyre frå”, skriv Marta. Dette er gode tankar frå Marta, synest eg. Meldingar frå lesarane er bra for biblioteka - både som ei støtte i formidlingsarbeidet og som korrektiv i jobben med samlingsutviklinga. 

Er det andre som har lese Ruth Maiers dagbok? Nokon som har høyrd tilbakemeldingar frå lånarar? Er det bibliotek som har organisert ordningar om attendemeldingar på bøker brukarar, unge og eldre, har lånt? Del dei gjerne her på bloggen eller ta kontakt så kan eg skrive om det.

No er det slik at boka med dagbøkene til Ruth Maier har fått omtale i media, sjå mellom anna Dagbladet sist måndag, http://www.dagbladet.no/nyheter/2008/01/21/524455.html Her fortel skrivaren at boka allereie er selt til sju land, mellom dei Israel. Det syner at krafta til innhaldet i boka er sterkt. Folkebiblioteka bør ha den i tilfanget sitt. 

Blogg på WordPress.com. | Theme: Pool by Borja Fernandez.
Entries and comments feeds.