Nettutstilling om bokbåten Epos

11/11/2009 at 14:21 | In Bokbåten Epos | Leave a Comment

På Kulturnett Sogn og Fjordane ligg det no ei nettutstilling laga av fylkesbiblioteket med bilete frå turen med bokbåten i haust. Sjå meir her: http://bit.ly/4CGMCN

Bente Lund

Bokbåten kjem til å komme

23/02/2008 at 20:27 | In Bokbåten Epos | Leave a Comment

Korreksjoner av Jonathan Frantzen, Spør støvet av John Fante, Er det en slik verden vi vil ha av Eva Joly, Ungkarsfestivalen av Bjørn Ingvaldsen. Kva er sambanda mellom titlane? Jau, formidla og lånt av besøkande av bokbåten Epos laurdag 23.oktober 2008. 

Bøker i  hand ut av bokbåten og inn til vestlandsregnet og gråsprengt himmel i februar. Litteratur til folket i husa, den blir lesen og teken imot. Tankar kjem, bilete dukkar opp, ei verd syner seg, kjensler bryt fram, meining og form skapar seg til - inga bok til jorda.

I dag har bokbåten “Epos” hatt to stopp: I Losnegard i Solund kommune og i Brosvik i Gulen kommune. Veret er betre i dag, men båten rulla skikkeleg ei stund pga. dønningar frå havet. Men bøkene held seg friske og er på plass i hyllene.

Vi hadde bra besøk i Losnegard, men noko mindre enn vanleg i Brosvik pga. vinterferieavvikling.

I kveld ligg vi til kai i Eivindvik.

Altmogleg mann ombord, Finn-Erik, har datamaskinen på i byssa:

losnevaar08-004.jpg

Losnegard: Jørdi speider etter ei passande bok i hylla for vaksen skjønnlitteratur:

losnevaar08-006.jpg

Lånarar i Brosvik:

losnevaar08-009.jpg

Bokbåten lasta

22/02/2008 at 14:54 | In Bokbåten Epos, Litteraturformidling | Leave a Comment

Klar båt med Hoggerne, Vampyr, Gud er norsk, Epleptisk, Pondus, Rampete Robin, Goethe, Mannen som hatet kvinner, skodespelar. 

Ved kaia Steinen i Førde: Du er no komen ombord i bokbåten Epos http://www.bokbaten.no/ . Vi er klare til avgang, men vergudane er ikkje med oss i dag og gjer at første stopp må kansellerast. Ein fullasta båt med bokstavar lyt også bøye seg for naturen, sjølv om ein er aldri så trygg med ordet i si makt.

Men i morgon tidleg dreg vi avgarde med skjønnlitteratur for store og små, sakprosa for liten og stor, poesi for den kresne og lettsindige, biletbøker på fanget som opnar opp verda og mennesket, teater med  Kjell Matheussen http://www.darekisten-teater.no/vi kan spegle oss i, Hans og Jakob Sande, Jon Fosse og fossekallen – dei er der alle.

   Biblioteket som sosial møtestad

Biblioteket er den beste sosiale møtestaden me bibliotekarar veit om. Ingen tvil om det. Skodespelar og bibliotekar Kjell traff att tidlegare medstudent Olaug ombord i “Epos”. Olaug har arbeidd ved fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane og vore med på bokbåtturar. Danningsreisa til Kjell har teke til.

No har vi plukka bøker og bore bokkasser alle kvinner og alle menn. Kaos er rydda unna og alfabetet teke i bruk.

Lasting av bokbåt  Lasting av bokbåt

Gunnvor (biletet til venstre) og bokbåtansvarleg Ingrid under arbeidet med å tømme bokkassene.

Avgang klokka 08.00 i morgon, opplyser kaptein Stian. Då går turen til Losnegård og Brosvik i Gulen kommune.

Blogg på WordPress.com. | Theme: Pool by Borja Fernandez.
Entries and comments feeds.