Speldag snart!
30/10/2009 at 12:49 | In Biblioteksutvikling, Dataspel | Leave a CommentLaurdag 14. november er det nasjonal speldag, Spilldag 09, i biblioteka. Gloppen folkebibliotek har meldt seg på. Les meir
Ressursdeling og fjernlån
28/10/2009 at 14:55 | In Biblioteksutvikling, Kassering | Leave a CommentOm ikkje lenge skal samsøk for biblioteka i Sogn og Fjordane vera klart til bruk. Samsøket vil både gi betre tilbod for brukarane og for oss tilsette. Les meir
E-boka og biblioteka
09/07/2009 at 13:38 | In Biblioteksutvikling, E-bøker | Leave a CommentKva kan konsekvensane bli for biblioteka når dei elektroniske bøkene, e-boka, kjem i bruk for fullt? Sjå kommentar om dette publisert i Aftenposten 8. juli: http://www.aftenposten.no/meninger/kommentatorer/bjorkeng/article3156679.ece
I bloggen til forfattar og formidlar Eirik Newht er e-bøker mykje omtalt: http://newth.net/eirik/
God sommar!
Robert Haugen
Sogndal bibliotek opnar filial i barnehage
19/09/2008 at 13:18 | In Biblioteksutvikling, Lesing, Litteraturformidling | Leave a CommentVi les i Sogn Avis om Sogndal bibliotek som har satt i gang med minifilial i Kyrkjebakken barnehage. Les meir
Debatt om folkebiblioteka
19/05/2008 at 14:59 | In Biblioteksutvikling | Leave a CommentDet har vore ein del skriving og fokusering på folkebiblioteka i media i det siste. Det er bra, synest eg: Engasjement og diskusjon om denne viktige samfunnsinstitusjonen trengst. Debatten er komen opp, slik eg oppfattar det, etter ABM-Utvikling sin publikasjon om brukaråtferd i norske storbybibliotek og etter ein kronikk frå faglitterært forfattarhald om rolla til folkebiblioteka når tilgangen til digitalt materiale blir større og større.
Nynorsk på nett
01/04/2008 at 14:51 | In Biblioteksutvikling, Lesing | Leave a CommentNettstaden http://www.nynorsk.no/ ser ut til å gje eit bra oversyn om kva som skjer i “nynorskverda”, som det står på framsida på denne nettsida. Der kan vere tips å hente om utgjevingar på nynorsk og anna som er formålstenleg for arbeidet i biblioteket. Som eit av dei fremste, om ikkje det i front, nynorsk-fylke i landet, bør vi følgje (kanskje endå meir) med på kva som skjer i og med det nynorske. I redaksjonen i nynorsk.no er mellom andre folkebiblioteksjefen i Sør-Varanger, Vidar Lund.
Korleis skal biblioteka vere?
17/03/2008 at 14:59 | In Biblioteksutvikling, Litteraturformidling | Leave a CommentPernille Schaltz, nytilsett sjef ved hovudbiblioteket i København, ønsker å setje dei fleste bøkene ned i opne magasin og å leggje større vekt på formidling av populær litteratur og andre media enn boka, sjå http://www.bokogbibliotek.no/index.php?
Glimt frå Bibliotekmøtet i Bergen
17/03/2008 at 10:33 | In Biblioteksutvikling | Leave a CommentTorill Berge ved Gloppen folkebibliotek deler inntrykka sine frå Det 71. norske bibliotekmøtet i Bergen. Les meir
Ta biblioteka på alvor
11/03/2008 at 10:56 | In Biblioteksutvikling, Litteraturformidling | Leave a CommentI ein kronikk i Dagbladet sist laurdag, http://www.dagbladet.no/kultur/2008/03/08/529126.html framhevar Johan L. Tønnesson, professor i sakprosa, at folkebiblioteka kan, om styresmaktene evnar og vil sjå det, spele ei vesentleg rolle i litteraturpolitikken her i landet. Og kunnskapsminister Solhjell overser skule-og folkebiblioteka, etter kva eg kan sjå.
God kommentar om biblioteka
05/03/2008 at 13:29 | In Biblioteksutvikling | Leave a CommentDet er ikkje ofte biblioteka får omtale i nasjonale media, og spesielt ikkje på ein så sentral stad i avisa som på kommentarplass. Men i dag kommenterer debattredaktør Knut Olav Åmås i Aftenposten stoda for biblioteka, http://www.aftenposten.no/meninger/kommentarer/article2293895.ece
Kommentaren kjem i samband med Bibliotekmøtet som opnar i Bergen i dag.
Deilig å vere på biblioteket?
20/02/2008 at 16:58 | In Bibliotekinnreiing, Biblioteksutvikling, Kassering | 4 CommentsEg prøvde meg med eit innlegg på denne bloggen om kassering for ei tid sidan, drøymte om at eg skulle få mange kommentarer frå kollegaene mine rundt i fylket om dette frykta og vanskelege temaet. Eg såg for meg ein utviklande dialog kor vi alle blei mykje klokare og fekk mot til å hive oss over hyllene våre med dødsforakt i blikket. Tystnaden frå folket var øyredøvande…
No gjer eg eit nytt framstøt. Denne gongen vil eg ta opp noko som faktisk er beslekta med forrige tema, nemlig det at biblioteket kan vere ein deilig plass å vere. Eg sat ein dag og leste på danskane sin blogg voresbibliotek.dk og blei så glad og inspirert. Så inspirert at eg måtte fortelje det til fleire.
For det første synest eg det er ein kjempeide å lage ein blogg for brukarane så vi kan få innspel til korleis biblioteka kan utvikle seg i tråd med ønskjer og behov hos dei som skal bruke oss.
For det andre synest eg det er mange gode tips og ideer som vi bør tenkje over og kanskje ta i bruk. Spesielt blei eg glad for innspelet med tittelen “Husk de fysiske rammer”. Her skriv ein: ”Hvem gider trisse rundt blandt støvede bøger i triste lokaler, der kun bekræfter fordomme om folkebiblioteket som et sted på vej ned?” Nei, nettopp. Att biblioteket må vere ein triveleg plass, må høgare opp på lista vår. Då tenkjer eg på lista over kva vi må prioritere.
Eg er også av den meining at det er langt i frå berre pengar det står på for at biblioteka skal bli ein bra plass. Vi må ta i bruk våre små grå, fantasien. Ting kan flyttes på, bøker kan kasserast, hyller kan målast. Det er mykje vi kan gjere for å få biblioteka fargerike og spanande. Mangler ein estetisk sans, får ein finne nokon som kan kome med gode råd. Skal vi erklære fylket vårt for nedstøvet-bibliotek-fri-sone?
Blogg på WordPress.com. | Theme: Pool by Borja Fernandez.
Entries and comments feeds.