Bragepris til nynorsk forfattar
26/11/2009 at 09:53 | In Barnebøker, Litteraturprisar, Nynorsk | Leave a CommentI klassen Barne- og ungdomsbøker gjekk årets Bragepris til Maria Parr for romanen Tonje Glimmerdal. Les meir
Bibliotek i barnehagar
13/11/2009 at 12:26 | In Barnebøker, Barnehagar, Litteraturformidling | Leave a CommentHugsar nokon Boktras-kurset fylkesbiblioteket hadde i fjor på Skei? Så langt veit vi om to kommunar som har følgt opp kurset og starta bibliotekfilial i barnehagar. Les meir
Lettleste bøker på nynorsk
18/09/2009 at 14:03 | In Barnebøker, Lettlest, Nettressurs, Nynorsk | 2 CommentsDenne uka var eg så heldig å få møte ein del skulebibliotekarar frå Førde-skulane i samband med ein presentasjon av Kulturfond-bøker for barn og unge på Førde Bibliotek. Der blei det etterlyst fleire lettleste bøker på nynorsk. Dessverre er det nok slik at det kjem ut alt for få bøker på nynorsk som er lettleste. Les meir
Bøker om skulestart
12/08/2009 at 11:38 | In Barnebøker | Leave a CommentEg har laga ei enkel nettutstilling med bøker som har skulestart som tema. Den kan sjåast her:
http://tjenester.kulturnett.no/quiz/playgallery.php?quizID=831
Har du tips om fleire gode bøker om skulestart? Skriv inn tipset ditt i kommentarfeltet her eller send e-post så legg vi ut tipset på bloggen vår: bente.lund@sfj.no
Spenningsbøker for barn og unge
07/08/2009 at 12:35 | In Barnebøker, Ungdomsbøker | Leave a CommentDet er nok enda ei stund til hausten er her, men når sola glimrar med sitt fråver, begynner eg å tenke på hausten og mørke kveldar som kan fyljast med spennande bøker. Her er ei liste over nokre av dei mest etterspurde spenningsseriane for barn og unge.
Les meir
Opning mot barnebøker
03/07/2009 at 13:20 | In Barnebøker | Leave a CommentSiste nummeret av tidsskriftet Vinduet er via til stoff om barnelitteratur. På heimesida til Norsk barnebokinstitutt kan du lese om innhaldet: http://www.barnebokinstituttet.no/forsiden?view=article&view_one=682
Vinduet er formidla til folkebiblioteka gjennom innkjøpsordninga. Tidsskriftet har eige heimeside, http://rga.laboremus.ws/index.asp?id=31616 men publiserer ikkje innhaldet digitalt.
Robert Haugen
Debutant frå Sogn
01/07/2009 at 09:15 | In Barnebøker, Forfattarar | Leave a CommentJanniche Hilleren frå Sogn får i dag, 1. juli, gitt ut den første boka si. Det er ei barnebok med tittelen Trollet under trappa.
Sogn Avis: http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article4431805.ece
Robert Haugen
Om nynorsk litteratur for barn
25/06/2009 at 14:52 | In Barnebøker, Nynorsk | Leave a CommentTidsskriftet Bok og Samfunn skriv om nynorske barnebøker og at talet på utgjevingar i denne kategorien gjerne kunne ha vore større:
http://bokogsamfunn.no/mangelvare-nynorske-barneb%c3%b8ker/
Utgangspunktet for artikkelen er ein debatt under Dei Nynorske Festspela som byrja torsdag 25. juni.
Ei bok for barn på nynorsk omsett frå hollandsk og utgitt på Samlaget er Ein liten sjanse av Marjolijn Hof. Ho er på 112 luftige sider og kan høve godt for innkjøp. Fylkesbiblioteket har kjøpt den.
Robert Haugen
Litt om nye bøker for barn og ungdom
24/09/2008 at 14:58 | In Barnebøker, Ungdomsbøker | Leave a CommentInformasjon om utgjevingar av Ødven Snildal, Nye Hardy-gutane, Ottesen og Unenge.
Les meir
Nynorskbok dott no
21/05/2008 at 11:56 | In Barnebøker, Nynorsk, Ungdomsbøker | Leave a CommentMinner om den gode nettenesta http://www.nynorskbok.no/ frå Nynorsksenteret i Volda – lenkje på menyen til høgre.
Der er tips om gode bøker for barn og ungdom.
Kostymer til utlån
19/05/2008 at 15:21 | In Barnebøker, Litteraturformidling | 1 CommentFylkesbiblioteket har kostymer for utlån til eit passande høve, sjå http://fylkesbiblioteket.sfj.no/
Ta kontakt med fylkesbiblioteket, 57 72 18 80, post.fylkesbiblioteket@sfj.no dersom de er interessert i å låne.
Tips om barne-og ungdomsbøker på nynorsk
11/03/2008 at 16:01 | In Barnebøker, Romanar, Ungdomsbøker | Leave a CommentJanne Karin Støylen er litteraturformidar og tilsett ved Nynorsksenteret i Volda. Ho skriv om nynorske bøker for barn-og ungdom og legg dei ut på Internettet her; http://www.nynorskbok.no/ Dei fleste av oss kjenner Støylen sine gode evner som formidlar, og det kan vere tips om gode bøker å hente her.
I menyen over lenker til høgre vil de finne Nynorsksenteret med nettsida nynorskbok.no.
Kritikarane likar Ekman
06/03/2008 at 18:32 | In Barnebøker, Litteraturprisar | Leave a CommentKall meg onkel Alf av Fam Ekman er den barne- og ungdomsboka litteraturkritikarane likte best av fjorårets utgjevingar i denne kategorien. Det opplyser Norsk Kritikerlag i ei pressemelding i dag torsdag, sjå http://www.kritikerlaget.no/uploads/media/Pressemelding_LitteraturKritikPris07.pdf
Meldingar av Kall meg onkel Alf: http://barnebokkritikk.no/modules.php?name=Reviews&rop=showcontent&id=450 http://www.aftenposten.no/kul_und/litteratur/article1719180.ece
Konferansar gir inspirasjon
14/02/2008 at 21:39 | In Barnebøker, Ungdomsbøker | Leave a CommentIngunn Stokstad ved Aurland folkebibliotek deler erfaringane sine frå barne- og ungdomslitteraturkonferansen som nyleg samla folk frå heile Norden i Stavanger.
Frå litterær kanon til mummitroll
“Den Nordisk barne- og ungdomslitteraturkonferansen i Stavanger har vore arrangert anna kvart år sidan 1993. I år var ”Mangfold 2008” eit overordna tema for konferansen den 3.-5. februar.
Der fekk vi møta forfattarar, illustratørar, litteraturvitarar, litteraturformidlarar og ungdomlege ”superlesarar”. Føredrag av Torben Weinreich om ”Den litterære kanon i Danmark” og av Agneta Rehal-Johansson om “Nya dubbelheter i Tove Janssons slutliga muminsvit” var to av fleire høgdepunkt.
Kor mange veit at Tove Jansson omarbeidde bøkene sine om mummitrolla som kom på 40-50-talet til nye utgåver på 60-70-talet? Rehal-Johansson synte mellom anna at forteljingane i dei omarbeidde utgåvene er meir psykologiske enn i dei tidlegare utgåvene.
Ny kunnskap og kontakt med kollegaer inspirerer, og inspirasjonen som drivkraft i det daglege arbeidet bør ein ikkje underkjenna. Oppmodinga går difor denne gongen spesielt til bibliotektilsette i mindre bibliotek: Reis på kurs, lær noko nytt, få nye idear og prøv dei ut når du kjem heim.”
Ingunn Stokstad
Aurland folkebibliotek
Favorittbøkene til bokmeldarane
07/02/2008 at 17:09 | In Barnebøker, Litteraturprisar, Ungdomsbøker | Leave a CommentTitlar Norsk kritikerlag meiner er dei beste frå året 2007:
Barn og ungdom:
-
Kall meg Onkel Alf - Fam Ekman
-
Hallo Jorda! - Anna Fiske
-
Slangen i graset - Hans Sande og Gry Morsund
-
Avstikkere - Øyvind Torseter
Kjekt at Det Norske Samlaget og nynorsken er representert ved Morsund og Sande. Fiske kjenner vi att som ansvarleg for teikneserien Rabbel. Tre av titlane er gjeven ut av Cappelen forlag. Dei fire bøkene er kjøpt til folkebiblioteka gjennom innkjøpsordninga til Norsk Kulturråd.
Vaksne:
-
Andvake - Jon Fosse
-
Gjestene - Merethe Lindstrøm
-
Ingen vitner for vitnet - Christian Refsum
-
Innsirkling - Carl Frode Tiller
Nominasjonsgjengangarane Fosse og Tiller viser seg att med nynorsk språk, novellesamlinga til Lindstrøm er avhalden av bokmeldarane og Refsum - som eg har lese i tillegg til utgjevinga av Fosse (boka til Tiller opnar eg i kveld) – kan anbefalast til lånarar med sans for Ingvar Ambjørnsen, Dag Solstad og Ola Bauer.
Beste omsetjingar:
-
Merete Alfsen for Like av Ali Smith
-
Tormod Eide for Politikk – Aristoteles
-
Lars Moa for Frå alle kantar ber vinden med seg ord og plantar og teikn av Jóanes Nielsen
-
Stig Sæterbakken for Eldreomsorgen i Øvre Kåkedalen av Nikanor Teratologen
Teksten Politikk av ein av meistrane frå antikken bør “hamne på nattbordet til folk” og er like lett å lese som dei bøkene “som ligg der frå før.” Det skriv meldar Jon Langdal i Klassekampen 26. januar i år.
Moa har omsett diktsamlinga av Nielsen frå det vesle språket færøysk – sjå meldingar i Dag og Tid http://www.dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=1149 og jamvel i Aftenposten ved poet, formidlar og meldar Knut Ødegård, http://www.aftenposten.no/kul_und/litteratur/article2118949.ece
Omsetjinga av den svenske kultroman til målføre frå Lillehammerdistriktet er gjort av Sæterbakken. Han er kjent for eigne romanar og omsetjingar av Edgar Allan Poe.
Eg har brukt http://www.dagbladet.no/kultur/2008/02/07/526221.html som kjelde for denne framstillinga. På nettsida til Norsk kritikerlag finn de opplysingar om nomineringane, sjå http://www.kritikerlaget.no/index.php?id=5
Emne
Nynorskbok.no
BS : nynorsk for barn og ungeNynorsk
Populært
Til bruk
Bok og Bibliotek
NBF
ABM-nyttDel bloggen med andre
Emne
Barnebøker Bibliotek Biblioteksutvikling Bokbåten Epos Boklånarar Debutantar Forfattarar Fylkesbiblioteket Kassering Krim Kulturarrangement Lesing Litteraturformidling Litteraturprisar Lokalhistorie Lydbøker Mangfaldsåret Nettressurs Noveller Nynorsk Referanse- og oppslagsverk Romanar Sakprosa Samlingsutvikling Sommarboka Sosial nett-teknologi Teikneserieroman Ungdomsbøker Utlån Vaksenbøker-
Siste kommentar
Bente Lund på Nettressurs om bøker på n… Bente Lund på Lettleste bøker på nynors… Eli Kjos-Wenjum på Lettleste bøker på nynors… Anne Sagen på Tips om sommarlektyre Robert Haugen på Berre må ha Paasilinna Kalendar
desember 2009 M T W T F S S « Nov 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31
Blogg på WordPress.com. | Theme: Pool by Borja Fernandez.
Entries and comments feeds.