Sogndal bibliotek opnar filial i barnehage

19/09/2008 at 13:18 | In Biblioteksutvikling, Lesing, Litteraturformidling | Leave a Comment

Vi les i Sogn Avis om Sogndal bibliotek som har satt i gang med minifilial i Kyrkjebakken barnehage.

Torsdag 4. september hadde dei høgtideleg opning og Eli Kjos-Wenjum frå biblioteket fortel i avisa om kvifor dei har satsa på filialen. Dei har tru på at tilgjenge betyr alt for kor mykje foreldre les for ungane sine.

No kan ungane sjølv få foreldra med på at dei skal låne bøker med heim, gjerne bøker ungane har hatt gode opplevingar med i barnehagen og vil dele med mamma og pappa.

Les kva biblioteket sjølv skriv om dette på  heimesida.

Bibliotekfilial i barnehage er eit satsingsområde for ABMU, i desse dagar har ABMU sendt ut ABM-skriftet “Les for meg, pliis!” til alle biblioteka i landet. Her kan ein lese om filial i barnehagar og anna om høgtlesing for førskulebarn.

ANNE SAGEN

No Comments Yet »

RSS-kjelde for kommentarar om dette innlegget. TilbakeSporings-URI

Kommenter innlegget

XHTML: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <pre> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Blogg på WordPress.com. | Theme: Pool by Borja Fernandez.
Entries and comments feeds.