Berre må ha Paasilinna

03/06/2008 at 16:36 | In Forfattarar, Litteraturformidling, Romanar | 1 Comment

Vi er alle ute etter tips om gode bøker til folk som elsker å lese, og til folk som ikkje vanlegvis gidder lese. Bøkene til Arto Paasilinna er perfekte for oss bibliotekfolk.

Dei er full av humor og har noko heilt eige med seg. Bøkene er ideelle for mannfolk, men kvinnfolk elsker dei like mykje. Sjølv min betre halvdel som elles berre les om jakt, las heile “Harens år” og spurte etter meir.

I dag har eg tatt ei rask empirisk undersøking på nettet. Det ser ut til at mange bibliotek i fylket enno ikkje har investert i alle bøkene til Paasilinna. Mange har nokre få, nokon ingen. Kjøp dei dersom du har nokre kroner att og lånarane vil takke deg.

Eg trur faktisk også Paasilinna kan være noko for lånarane på evig jakt etter bygdebøker. Nokon som har prøvd?

 

Éin kommentar »

RSS-kjelde for kommentarar om dette innlegget. TilbakeSporings-URI

  1. Romanen “Populærmusikk fra Vittula” av den finsksvenske forfattaren Mikael Niemi reknar eg med mange folkebibliotek i fylket har i samlinga si.Paasilinna og Niemi har den samme bisarre og sprø humoren med eit (grav)alvor under. Ikkje akkurat finsk fjernsynsteater frå 1970-talet, men vi anar konturane, snudd på hovudet slik at latteren kjem ut. Look to Finland.


Kommenter innlegget

XHTML: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <pre> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Blogg på WordPress.com. | Theme: Pool by Borja Fernandez.
Entries and comments feeds.